Nixus

Improvise, adapt, overcome

Båttur med familien

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 12:10 den 12. august 2006

Vi reiser utover mot Brandasund og Goddo med båten i dag. Vert godt å kome ut på havet igjen!

DSC00006.JPG

Kjøpt meg nytt telt

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 11:23 den 11. august 2006

Hilleberg JannuLøna har kome på konto, og noko av det har eg brukt på å kjøpe meg eit nytt telt av typen Hilleberg Jannu. Ville ha eit telt som tek liten plass i kajakken, men samstundes toler å vere oppslått på ein holme i havet. Jannu er eit lett telt, som samstundes er særs vindstabilt. Det er stor plass for ein, og bra plass for to. Kuppelkonstruksjonen med korte stangkanalar gjer det lett å setje opp, sjølv i dårleg vêr. Gledar meg til å ta det med på tur!

Bestilte i tillegg ein vanntett kompresjonssekk å pakke det i (og to sekkar til av same type for å ha sovepose og vindsekk i), og ei teltlykt.

Oppskrift på ein vellukka vinkveld

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 13:41 den 6. august 2006

Kjøp ein god, fyldig raudvin, til dømes Chateu Laroque. Bak ei mørk sjokoladekake, gjerne brownie:

  1. 3dl sukker
  2. 1,5dl sikta kveitemjøl
  3. 2ts vaniljesukker
  4. 4ss mørk bakekakao
  5. 150gr smelta margarin
  6. 2 egg

Bland det tørre saman, rør inn det smelta smøret, og ha til slutt i egga. Ha i ei kakeform med ca 24cm diameter og steik på 200grader i 22min.

Nyt kaka med vin til medan den enno er varm, og løys nokre verdsproblem.

Testa årer

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 18:50 den 5. august 2006

Årer og båtSkal ha meg ei ny åre, og var på Aktiv i dag og fekk prøve nokre modellar. Har til no padla med ei Lendal Nordkapp. Det er ei åre med store blad og mykje punch, men kan vere litt tungt å halde oppe frekvensen på langtur og så har den veldig stort vindfang. Så eg var på utkikk etter ei åre med litt mindre blad. Har lenge tenkt på Boreal Design Delphina og var glad for at gutta på Aktiv hadde fått den inn igjen. Tok i tillegg med meg Boreal Design Archipel, som har litt større bladareal, men framleis mindre enn Nordkapp.

Begge to var særs gode årer, men måtte som venta ha ein litt større frekvens enn eg er vand med for å halde tempoet. Det eg var mest spent på var korleis desse årene oppførte seg på hard manøvrering og ulike støttetak. Var overraska over kor liten skilnad det var i høve til Nordkapp. Så dermed vart mitt val ei Delphina i karbon. Den er no bestilt, og eg gledar meg veldig til å få den!

LabradorEg ba om å få låne ein båt å teste årene med, og var så heldig å få låne Boreal Design sin nyaste båt: Labrador. Dette er i bunn og grunn ein litt lengre versjon av Ellesmere som eg har. Labradoren skar gjennom vatnet som ein draum, og oppførte seg ufatteleg bra på kant ved svinging, carving og støttetak/sculling. Litt tyngre å manøvrere enn Ellesmere, men det er jo berre å vente når han er 50cm lengre. Dette vert nok min neste båt. Har lenge vurdert Seaguaney, som er ein diger kajakk, men Labrador er mykje smekrare samstundes som lastevolumet berre er litt mindre.

K800iHadde skikkeleg uflaks i dag medan eg var ute. Hadde pakka mobilen min vanntett, trudde eg. Men medan eg testa korleis årer og båt fungerte på kant, har tydelegvis vatn klart å kome ned i dei vasstette lukene, og sjølvsagt funne vegen inn i mobilen min, som eg kjøpte ny for omlag to månader sidan. Har tørka med hårfønar og prøvd med eit heilt nytt batteri, men telefonen er død. Så no har eg bestilt meg ein Sony Ericsson K800i som var på tilbod.

Ny karriere

Filed under: Forsking — Michael Storebø klokka 08:50 den 4. august 2006

I mangel på kvalifiserte sekretærar i dag, er det eg som er Eclipsestudien sitt ansikt utad. Har fått god opplæring, så det går nok bra.

« Førre side