Vellukka kongress i München
Vi kom til München fredagskvelden. Hotellet låg i eit område som heiter Pasing i utkanten av i byen. Etter å ha installert oss der, tok vi toget til sentrum og åt tradisjonell bayersk kraftkost.
Laurdagen var eg på kurs i respirasjonsfysiologi og ute med den norske lungemedisinforeninga på kvelden.
Sundag gjekk eg og Einar mellom forskjellige foredragssesjonar på føremiddagen, før min sesjon tok til i 13-tida. Var jo ikkje akkurat revolusjonerande det vi kom med, men det var nokre som var interesserte og stilte spørsmål. Og så kom mange av dei andre bergensarane innom for å sjå korleis det gjekk. Høgdepunktet var nok at John Cotes, ei levande legende og god ven av Einar, kom bortom til oss. Måndag var eg på symposium om KOLS-forverringar, og kikka på mange interessante postarar med fysiologiske forskingsresultat. På kvelden var vi ute og åt middag med John Cotes på ein betre restaurent like ved Frauenkirche.
Tysdag tok eg fri frå kongressen og tok toget opp i Alpane til Garmisch-Partenkirchen, og så Zugspitzbahn vidare opp på Zugspitze, det høgste fjellet i Tyskland, 2962 meter over havet. Det var rått! Såg meg litt om i Garmisch-Partenkirchen får eg tok toget attende til München. På kvelden gjekk vi ut og åt bayersk kraftkost igjen, på ein restaurant like ved hotellet.
Onsdag traska eg litt rundt i sentrum før vi reiste ut på flyplassen.
