Nixus

Improvise, adapt, overcome

Fyrste dag på sjøen

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 20:49 den 29. mars 2007

Måtte berre få med at padlesesongen er i gang! Hadde ein nydeleg dag på sjøen sundag. Det vert sikkert fleire i løpet av påsken.

Nydeleg dag i sola

Filed under: Forsking — Michael Storebø klokka 11:03 den 28. mars 2007

Ein roleg dag på sjukehusetI den indremedisinske terminen som vi no held på med, har vi fri kvar onsdag. Spesielt godt på ein onsdag som denne, med nydeleg ver! Men kva skal eg nytte dagen til?

Har meldt meg på kurs i Good Clinical Practice (GCP), som vert halde på Haukeland sjukehus, heilt sikkert i eit rom med minimalt med vindauge. GCP er forresten ei praktisk tilnærming til medisinsk forskingsetikk. Utgangspunktet er Helsinki-deklarasjonane som skal verne om forsøkspersonar i medisinske forsøk, samt syte for at alle resultat kan reproduserast. Det er spesielt legemiddelindustrien som fokuserer på GCP, og eg har kanskje fått inntrykk av at dette fokuset ikkje primært er for å ta vare på forsøkspersonane, men for å unngå søksmål dersom feil vert gjort.

Det er uansett godt å få ei grundig innføring i GCP for ein komande forskar, så fridagen i sola skal eg ofre.

Klinikk!

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 18:50 den 21. mars 2007

HaukelandLenge sidan førre oppdatering. Etter kongress i München hadde eg litt ferie før den kliniske delen av medisinstudiet starta. Frå no av vil så å seie all undervisning gå føre seg på sjukehus. Dei fyrste fire månadane var vi på Haraldsplass sjukehus. Fekk ei innføring i det å møte og snakke med pasientar, samt kursing i dei grunnleggjande undersøkingane. Så gjekk vi over til to korte innføringsterminar i dei største faga; kirurgi og indremedisin. I midten av februar bar det over på Haukeland.

No består kvardagen av forelesingar, følgje med ulike lækjarar i arbeiet deira, samt å ta imot pasientar som vert innlagd med mindre kritiske tilstandar eller for planlagd behandling. I den kirurgiske terminen, som akkurat er over, var eg nesten heile tida i operasjonsavdelinga, noko som var fantastisk spanande!

Ein ting er sikkert: Dette er ein heilt annan skule enn då vi starta! Absolutt meir interessant og mykje kjekkare, så eg har ikkje lyst å gå glipp av ein dag!