Nixus

Improvise, adapt, overcome

Diverse mekking

Filed under: Kampsport — Michael Storebø klokka 23:12 den 14. april 2007

MekkemichaelDenne veka hang vi opp boksesekkar i treningslokala (biletet). Min jobb var å bore 12 hol i betongtaket, slå inn boltane og skru fast krokane som sekkane no heng på. Å? bore i betong er tungt i seg sjølv, når det tillegg er i taket tek det endå hardare på. Veldig glad for at vi hadde fått låne skikkeleg verktøy!

I dag har eg mekka på taekwondoutøvarar. Var sanitetsvakt på Vestlandsmeisterskapen i denne koreanske kampsporten. Var ein god del skadar på føter og anklar, men heldigvis ikkje noko alvorleg.

Forskeveke dag 1

Filed under: Forsking — Michael Storebø klokka 14:14 den 10. april 2007

Utsikt frå kontoret i dagUniversitetet har faktisk gjeve oss to veker påskeferie, så undervisninga startar ikkje før måndag om nesten ei veke. Men den ekstra friveka nyttar eg til å få unna litt forskingsarbeid. Sit og skriv på eit kontor med utsikt mot Løvstakken, men med dette vêret er det ikkje så mykje å skryte av.

I dag går det mest i å få på plass nokre referansar. Etterpå skal eg på styremøte i Kampsportregion Vest, og så på trening.

Tøff kajakk

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 19:41 den 1. april 2007

KajakkSurfa litt på nettet i kveld, og fann denne tøffe saken. Einar Rasmussen har laga hydrofoilar for racerkajakk. Skal visstnok gjere at ein veltrena mosjonist kan hamle opp med verdseliten. Men ser litt vanskeleg ut å balansere den.

Les meir på http://www.foilkayak.com