Nixus

Improvise, adapt, overcome

Travle dagar igjen

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 23:01 den 27. september 2007

NBF_krus2Det gjekk bra i Stockholm. Mykje interessant å høyre om og mykje kjekke folk!

Etter eg kom tilbake har eg prioritert lesing, men har og hatt ein del anna å gjere. I dag har eg halde eit foredrag for Norsk Baromedisinsk Forening, og for det fekk eg eit vakkert krus (sjå biletet)! I tillegg har vi hatt årsmøte i Kampsportregion Vest i kveld. Der troppa eg av som styreleiar, men skal framleis sitje i styret som nestleiar.

Det har vorte lite trening den siste tida. Har fått meg ein kneskade, i same kneet som er operert tidlegare. Veit ikkje kor alvorleg det er enno, men skal ta MR-bilete om ei drøy veke, og har vorte henvist til dr. Strand på Haraldsplass for klinisk vurdering.

No er det to veker til eksamenskjøret i augesjukdomar og øyre-, nase- og halssjukdomar, og dagane kjem til å gå med til lesing. Føler at eg har kontroll, så trur det skal gå bra.

Klar for Stockholm

Filed under: Forsking — Michael Storebø klokka 22:37 den 12. september 2007

ERS 2007 StockholmDå er eg klar for den europeiske lungekongressen, som i år vert halde i Stockholm. Skal presentere ei studie som vi har gjeve tittelen «Post-exercise reduction in lung diffusion capacity is not reversed by skin cooling». Avreise er fredag, og eg vert borte til onsdag i neste veke. Laurdag og sundag går med til kurs og presentasjon, men resten av tida skal nyttast til å oppleve byen, i tillegg til å få med meg andre forskingsresultat på kongressen, sjølvsagt. Eg og ein annan av medisinstrudentane som reiser bortover har vorte innkvartert på femstjernes-hotellet First Hotel Reisen saman med deletakarar frå den norske legemiddelindustrien. Ikkje verst for to grønskollingar!