Utsett operasjon, men reiser i 50-årslag
Vart lagt inn for å få erstatta det avrivne korsbandet mitt på onsdag. Lang dag med innkomstmølla og venting, og var klar for å kome i gang torsdag morgon. Men så kom beskjeden om at det var altfor mykje sjukefråvær på operasjonsavdelinga, og dei hadde andre pasientar dei måtte prioritere. Så eg vart sendt heim. Var godt sedert då eg fekk beskjeden, så eg sov nesten i heile går. Skal leggjast inn igjen 27. februar.
Det positive med utsetjinga er at eg får delta i pappa si 50-årsfeiring i helga. Trur det vert ein veldig kjekk fest! Reiser til Stord i kveld, og er tilbake sundag. Så vert det halvanna veke til med skule og styrketrening på kneet.
