Endeleg klar for skalpellen
I morgon er det endeleg tid for korsbandsoperasjonen min. Skal leggjast inn fastande om morgonen, og opererast same dag. Som opplading har eg i kveld vore på kino og sett Sweeney Todd (biletet), der skarp reiskap vert nytta på ein litt meir grotesk måte. Synest filmen var god, og den tok i alle fall tankane mine bort frå operasjonen.
Det vert eit par vekers sjukemelding etter at eg er skrive ut frå Haraldsplass, og så er det plutseleg to vekers påskeferie. Rekonvalesensperioden skal i all hovudsak tilbringast på Stord. Avbrekket frå skulen skal kompenserast for med iherdig lesing på farmakologi som er neste eksamensfag, sjølv om eksamen framleis er eit drøyt halvår unna.
