Nixus

Improvise, adapt, overcome

Snart ferdig

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 21:23 den 30. mai 2010

Det har vore mantraet dei siste månadane. Kvar gong vi sistesemesterstudentar møtast i gangane på studenthuset Gade, på veg mellom lesesalen og kjøkkenet. Og no er det mindre enn to veker igjen! Har drive skikkeleg turbolesing fram mot dei store skriftlege eksamenane, og var heilt utslitt då eg kom heim frå den siste av dei som var kirurgi. No går eg berre og ventar på dei praktiske eksamenane, som kjem med ujamne mellomrom i dei neste to vekene framover. Klarar ikkje å motivere meg til like hardt kjør på lesesalen no, men held ved like og les på meir overordna ting som kan hjelpe i det praktiske.

Bunaden er i hus, med unnatak av skjorta som vart sydd i Sørfjorden. Den har vore ein tur innom Stord, og kjem til Bergen i løpet av ei vekes tid. Avslutningsseremonien er 18. juni, og eg og ein kamerat på kullet er ansvarleg for det arrangementet. Trur det vert veldig flott! Så ei legendarisk fest på kvelden og rett på padlekurs laurdag føremiddag. Rart med det, men har vorte meir knytt til folket eg studerer med det den siste tida. Har sikkert ein del med at vi har vore i lag størstedelen av døgeret på lesesalen, men også at eg har drive mindre med kampsport dette semesteret og dermed hatt meir tid og overskot.

I sommar vert det jobbing på lungeavdelinga på Haukeland. Jobba der i fjor óg, men då var eg mest på dagposten der ein utgreiar pasientar med mistenkt lungekreft og andre lungesjukdomar. I år skal eg vere på sengepost heile sommaren. Der er det nok litt høgare tempo og mindre tid til den enkelte pasient, men det gjev god trening i høve til arbeidslivet vidare. Padling vert det nok også bra med tid til, sidan eg berre skal jobbe 8-16 og har fri kvar helg. Har planlagt fleire helgeturar, og så vert det ein vekestur i slutten av juli saman med gode vener frå BSI Padling.

Endeleg klar for skalpellen

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 03:45 den 28. februar 2008

Sweeney ToddI morgon er det endeleg tid for korsbandsoperasjonen min. Skal leggjast inn fastande om morgonen, og opererast same dag. Som opplading har eg i kveld vore på kino og sett Sweeney Todd (biletet), der skarp reiskap vert nytta på ein litt meir grotesk måte. Synest filmen var god, og den tok i alle fall tankane mine bort frå operasjonen.

Det vert eit par vekers sjukemelding etter at eg er skrive ut frå Haraldsplass, og så er det plutseleg to vekers påskeferie. Rekonvalesensperioden skal i all hovudsak tilbringast på Stord. Avbrekket frå skulen skal kompenserast for med iherdig lesing på farmakologi som er neste eksamensfag, sjølv om eksamen framleis er eit drøyt halvår unna.

Utsett operasjon, men reiser i 50-årslag

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 11:33 den 15. februar 2008

Vart lagt inn for å få erstatta det avrivne korsbandet mitt på onsdag. Lang dag med innkomstmølla og venting, og var klar for å kome i gang torsdag morgon. Men så kom beskjeden om at det var altfor mykje sjukefråvær på operasjonsavdelinga, og dei hadde andre pasientar dei måtte prioritere. Så eg vart sendt heim. Var godt sedert då eg fekk beskjeden, så eg sov nesten i heile går.  Skal leggjast inn igjen 27. februar.

Det positive med utsetjinga er at eg får delta i pappa si 50-årsfeiring i helga. Trur det vert ein veldig kjekk fest! Reiser til Stord i kveld, og er tilbake sundag. Så vert det halvanna veke til med skule og styrketrening på kneet.

VM i Wushu – tur til Beijing

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 21:48 den 22. november 2007

Michael i BeijingHar dei siste to vekene vore i Beijing som trenar for det norske landslaget i wushu som deltok i den niande verdsmeisterskapen. Den fyrste veka nytta vi til trening og akklimatisering på Beijing Sport University (BSU). Etter ein 9 timars flytur og 7 timar tidsforskjell var det hardt å kome seg inn i døgnrytmen, samstundes som timeplanen var ganske tett. Men mot slutten av veka hadde både eg og utøvarane kome oss inn på kinatid. For min del var det Beijinglufta som var vanskelagast å venne meg til. Rapportane om forurensinga der borte er absolutt ikkje underdrive, og det er mykje å gjere før OL til sommaren. I tillegg til trening fekk vi tid til å handle litt på Silkemarkedet den fyrste veka.

Xie, som er masterstudent på BSU, var til uvurderleg hjelp for meg og utøvarane medan vi var der borte. Det er ikkje lett å kome seg rundt utan å kunne snakke kinesisk. Xie hadde også vore i Bergen dei siste to vekene før vi reiste for å hjelpe til med VM-førebuingane.

Fredagen flytta vi over på utøvarhotellet, som låg ein halvtimes drosjetur frå universitetet.Rett i nærleiken låg det ein amerikansk restaurant som redda kosthaldet for i alle fall to av utøvarane våre. Laurdag var det trening og utprøving av konkurransefasilitetane. Sundagen gjekk med til innveging, registrering og trekning, og var prega av mykje venting. Utøvarane våre var i aksjon måndag, tysdag og onsdag, og resultata kan de lese meir om på kampsportforbundet sine sider. Alt i alt var eg fornøgd med gutta våre, sjølv om alle rauk ut i kampar dei kunne ha vunne. Teknisk var dei heilt på høgd med motstandarane sine, men dei manglar enno rutine.

Eg fekk meg ein skikkeleg luftvegsinfeksjon, så torsdag tok eg det veldig med ro. Såg nokre kampar, men sørga for å kvile mykje. Fredag nytta eg i byn, og fekk sett Tienanmen og den forbudte by, samt at eg fekk handla dei siste julegåvene. Laurdagen såg vi alle finalane i sanshou, før vi gjekk ut og åt middag med Nick på noko som var eit forsøk på ein bayersk restaurant, men med ein tydeleg kinesisk vri.

Er framleis ikkje frisk frå luftvegsinfeksjonen, og i løpet av dei fyrste dagane her heime utvikla det seg til ein bihulebetennelse. Hardt å vere sjuk når eg samstundes skulle brukt mykje tid på lesing og skule no, men eg skal verte klar til eksamen før jul.

Eksamen over for denne gong

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 17:29 den 18. oktober 2007

Dr. OtorhinolaryngologiI dag hadde eg siste eksamen for denne gong, munnleg eksamen i øyre-, nase- og halssjukdomar. Har gått bra både der og på augeeksamen. No er det langhelg, og så på an igjen på måndag med hudsjukdomar og nevrologi.

I kveld skal eg også ut på Flesland og plukke opp ein kinesisk trenar som skal ta seg av siste oppkøyring for landslaget i wushu, som eg trenar til vanleg. Om to veker set vi oss på flyet til Beijing for å delta i VM.

Travle dagar igjen

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 23:01 den 27. september 2007

NBF_krus2Det gjekk bra i Stockholm. Mykje interessant å høyre om og mykje kjekke folk!

Etter eg kom tilbake har eg prioritert lesing, men har og hatt ein del anna å gjere. I dag har eg halde eit foredrag for Norsk Baromedisinsk Forening, og for det fekk eg eit vakkert krus (sjå biletet)! I tillegg har vi hatt årsmøte i Kampsportregion Vest i kveld. Der troppa eg av som styreleiar, men skal framleis sitje i styret som nestleiar.

Det har vorte lite trening den siste tida. Har fått meg ein kneskade, i same kneet som er operert tidlegare. Veit ikkje kor alvorleg det er enno, men skal ta MR-bilete om ei drøy veke, og har vorte henvist til dr. Strand på Haraldsplass for klinisk vurdering.

No er det to veker til eksamenskjøret i augesjukdomar og øyre-, nase- og halssjukdomar, og dagane kjem til å gå med til lesing. Føler at eg har kontroll, så trur det skal gå bra.

Tilbake til kvardagen

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 22:38 den 27. august 2007

Då var skuleveke nummer to for dette semesteret i gang. Skal ha undervisning i øyre-, nase- og halssjukdomar og augesjukdomar fram til midten av oktober. Og etter eksamen, går vi rett vidare på hudsjukdomar og nevrologi som har eksamen til jul.

Den fyrste veka no gjekk med til å lære den grunnleggjande teorien, samt ei innføring i undersøkjingsteknikk. Det har vore veldig kjekt! I dag møtte vi våre fyrste pasientar, og då var det litt ekkelt å likevel oppleve å vere heilt grøn på korleis vi skulle gå fram i diagnostikken. Spesielt sidan pasientane må ha trudd vi var heilt stokk dumme. Men det går seg vel til når vi har fått sett, prøva og lese litt meir. Trur dette skal verte kjekt,sjølv om det også vert hektisk!

Hatt litt ferie

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 23:00 den 12. august 2007

Den siste veka har eg feriert heime hjå familien på Stord. Har for det meste slappa av, men har fått vore på sjøen og til fjells, óg. Det er ei veke igjen til skulen byrjar att. Skal jobbe to dagar på lungepoliklinikken, og samle krefter resten av dagane. Det vert eit beinhardt semester med fire eksamenar i oktober og tre i desember.

Facebook

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 22:35 den 31. juli 2007

Har ikkje lagt så mykje tid i bloggen min på nixus.no den siste tida, ettersom eg til slutt gav etter for presset og laga meg ein konto på http://www.facebook.com.

I sommar har eg hatt sommarstipend for å drive med forsking. No har vi akkurat vorte ferdig med det vi hadde planlagd for sommaren, så då vert det litt avslapping fram til skulen startar 20. august.

Klinikk!

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 18:50 den 21. mars 2007

HaukelandLenge sidan førre oppdatering. Etter kongress i München hadde eg litt ferie før den kliniske delen av medisinstudiet starta. Frå no av vil så å seie all undervisning gå føre seg på sjukehus. Dei fyrste fire månadane var vi på Haraldsplass sjukehus. Fekk ei innføring i det å møte og snakke med pasientar, samt kursing i dei grunnleggjande undersøkingane. Så gjekk vi over til to korte innføringsterminar i dei største faga; kirurgi og indremedisin. I midten av februar bar det over på Haukeland.

No består kvardagen av forelesingar, følgje med ulike lækjarar i arbeiet deira, samt å ta imot pasientar som vert innlagd med mindre kritiske tilstandar eller for planlagd behandling. I den kirurgiske terminen, som akkurat er over, var eg nesten heile tida i operasjonsavdelinga, noko som var fantastisk spanande!

Ein ting er sikkert: Dette er ein heilt annan skule enn då vi starta! Absolutt meir interessant og mykje kjekkare, så eg har ikkje lyst å gå glipp av ein dag!

Neste side »