Nixus

Improvise, adapt, overcome

Vellukka kongress i München

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 14:07 den 8. september 2006

Einar ved posterenVi kom til München fredagskvelden. Hotellet låg i eit område som heiter Pasing i utkanten av i byen. Etter å ha installert oss der, tok vi toget til sentrum og åt tradisjonell bayersk kraftkost.

Laurdagen var eg på kurs i respirasjonsfysiologi og ute med den norske lungemedisinforeninga på kvelden.

Sundag gjekk eg og Einar mellom forskjellige foredragssesjonar på føremiddagen, før min sesjon tok til i 13-tida. Var jo ikkje akkurat revolusjonerande det vi kom med, men det var nokre som var interesserte og stilte spørsmål. Og så kom mange av dei andre bergensarane innom for å sjå korleis det gjekk. Høgdepunktet var nok at John Cotes, ei levande legende og god ven av Einar, kom bortom til oss. Måndag var eg på symposium om KOLS-forverringar, og kikka på mange interessante postarar med fysiologiske forskingsresultat. På kvelden var vi ute og åt middag med John Cotes på ein betre restaurent like ved Frauenkirche.

Tysdag tok eg fri frå kongressen og tok toget opp i Alpane til Garmisch-Partenkirchen, og så Zugspitzbahn vidare opp på Zugspitze, det høgste fjellet i Tyskland, 2962 meter over havet. Det var rått! Såg meg litt om i Garmisch-Partenkirchen får eg tok toget attende til München. På kvelden gjekk vi ut og åt bayersk kraftkost igjen, på ein restaurant like ved hotellet.

Onsdag traska eg litt rundt i sentrum før vi reiste ut på flyplassen.

Min fyrste poster

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 00:34 den 31. august 2006

PosterDå er alt klart til European Respiratory Society sin kongress i München. Vert fyrste gong eg skal presentere forskinga mi, så eg er ganske spent. På biletet kan de sjå posteren vi har laga (kan lastast ned i pdf-format her).

Vi reiser av garde fredag morgon og kjem tilbake onsdag i neste veke. Laurdag skal eg på kurs, sundag skal eg stå og presentere resultata våre, og resten av dagane vert det å tusle rundt og få med meg mest mogeleg av lungeforskinga som pågår rundt omkring. Håpar eg får tid til å sjå meg litt rundt i München og kringliggjande områder. Har aldri vore der tidlegare, men har høyrt det er fint der.

Godt å kome heim

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 22:17 den 21. august 2006

I land ved naustetDet eg hadde tenkt skulle vere ei roleg helg i Øygarden, vart til litt over 100km padling rundt Sotra. Det vil seie: Då eg kom til naustet og GPSen viste 99,6km, klarte eg ikkje dy meg for å ta ein æresrunde rundt Måseskjæret. Var temmeleg sliten på slutten, men timane eg fekk i dønningane laurdagen og sundags morgon gjorde at det var meir enn verdt det! Og så fekk eg testa ut det nye teltet mitt. Er veldig nøgd, spesielt var eg imponert over ventilasjonen. Med primusen på, tørka kleda fort som berre det.

Har ikkje fått importert GPS-loggen enno, men det kjem. Bileta har eg lagt ut i albumet mitt.

Fin tur til Austevoll

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 19:54 den 12. august 2006

I BekkjarvikNydeleg tur på sjøen i dag! I staden for å gå til Brandasund som planlagd, gjekk vi til Bekkjarvik i Austevoll og møtte nokre vener av familien som var der med seglbåten sin. Der åt vi softis og kosa oss. No skal pappa lage pizza!

GPS-loggen frå turen finn du her (krevjar Google Earth).

Båttur med familien

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 12:10 den

Vi reiser utover mot Brandasund og Goddo med båten i dag. Vert godt å kome ut på havet igjen!

DSC00006.JPG

Oppskrift på ein vellukka vinkveld

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 13:41 den 6. august 2006

Kjøp ein god, fyldig raudvin, til dømes Chateu Laroque. Bak ei mørk sjokoladekake, gjerne brownie:

  1. 3dl sukker
  2. 1,5dl sikta kveitemjøl
  3. 2ts vaniljesukker
  4. 4ss mørk bakekakao
  5. 150gr smelta margarin
  6. 2 egg

Bland det tørre saman, rør inn det smelta smøret, og ha til slutt i egga. Ha i ei kakeform med ca 24cm diameter og steik på 200grader i 22min.

Nyt kaka med vin til medan den enno er varm, og løys nokre verdsproblem.

Ralph Myerz på P3sessions

Filed under: Generelt — Michael Storebø klokka 23:53 den 30. mai 2006
Ralph MyerzVar på gratiskonsert på Festplassen i dag. Nydeleg vær og god stemning.

Det heile starta med bergensbandet The Owens. Veldig bra! Det same var Heroes and Zeroes. Minor Majority vart litt for kjedeleg i lengda, men så, etter 45min rigging, kom Ralph Myerz and the Jack Herren Band på scena! Dritrått! Heilt fantastisk! Dei gutta gir jernet som ingen andre! Gledar meg enormt til å sjå meir til dei på Lost Weekend i august.

Sjå meir i albumet mitt.

« Førre side