Nixus

Improvise, adapt, overcome

Full fart gjennom Sogn

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 14:11 den 1. juni 2011

Utsikt utover Aurlandsfjorden.jpg

Seks unge menn frå Irland reiser på ein veldedig ekspedisjon i Sogn frå og med sundag 5. juni. Dei skal padle Sognefjorden på langs frå Skjolden til Sognesjøen på fire dagar. Ekspedisjonen samlar inn pengar til fire veldedige formål, og har fleire sponsorar. Alle donasjonar går uavkorta til dei veldedige formåla, og deltakarane betalar sjølv utgiftene ved å reise hit og padle. Ekspedisjonen får dekning i både fjernsyn, radio og aviser i Irland.

Eg vart kontakta av ekspedisjonsleiinga fordi dei ynskte å ha ein lokalkjend guide til turen. Eg lova dei å forsøke å få nokon til å ta på seg oppdraget, men då det viste seg vanskeleg, enda det til slutt opp med at eg reiser med dei sjølv.

Det vert fire harde dagar, med dagsetappar rundt 50km. Vi kjem til å overnatte i telt langs fjorden undervegs, men størstedelen av tida sit vi nok i kajakkane. Irane skal padle to og to i dobbelkajakkar, medan eg skal forsøke å halde følgje i min Boreal Design Labrador. Trur det skal gå bra då eg nok har ein del fleire mil i kajakk enn resten av gjengen. Heldigvis er det meldt bra vêr, så eg gledar meg stort!

Les meir på http://www.amp2011.com

Jaggu vart det padling

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 06:55 den 5. juni 2010

Heiv meg rundt etter munnleg kirurgieksamen i går for å vere med på padletur i Sunnhordland. Køyrte til Grønavikjo i Fitjar, og padla til Ivarsøy. Her vart det grilling og godt lag. Sov under open himmel i natt, men vakna tidleg, og sit no og skriv på høgaste toppen på øya.
I dag skal vi vidare til Slåtterøy. Ser ut til at vêret vert såpass bra at vi padlar ut Sælbjørnsfjorden.

Tøff kajakk

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 19:41 den 1. april 2007

KajakkSurfa litt på nettet i kveld, og fann denne tøffe saken. Einar Rasmussen har laga hydrofoilar for racerkajakk. Skal visstnok gjere at ein veltrena mosjonist kan hamle opp med verdseliten. Men ser litt vanskeleg ut å balansere den.

Les meir på http://www.foilkayak.com

Fyrste dag på sjøen

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 20:49 den 29. mars 2007

Måtte berre få med at padlesesongen er i gang! Hadde ein nydeleg dag på sjøen sundag. Det vert sikkert fleire i løpet av påsken.

Liten pause

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 10:30 den 20. august 2006

Det har vorte ein del varmare sidan eg starta ute på havet i dag tidleg. Har gått i land ved Flesland for å skifte frå padlejakke til rashguard og ete. Padlar igjen med ein gong.

DSC00056.JPG

Tidleg start

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 05:00 den

Helgas siste etappe går nordover gjennom Vatlestraumen, som er eit mareritt å padle motstraums. For å ha straumen på mi side, startar eg difor tidleg. Har pakka alt, og skal berre ha meg ein pakke Drytech storfegryte før eg set i gang.

DSC00035.JPG

Leir på Sandøy

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 22:15 den 19. august 2006

Då eg nesten var kome fram dit eg hadde tenkt meg i dag, fekk eg auge på ei øy som såg ut som den perfekte leirplass! Eg ringte til pappa som er ganske kjent her ute, og han stadfesta at dette var ei betre øy å slå opp telt på enn den eg hadde sett meg ut på førehand. Teltet er slått opp, og under kan de sjå utsikta mi. No skal eg lage meg risotto med bacon og vårløk.

DSC00032.JPG

Matpause

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 17:05 den

Har gått i land litt utanfor Syltøy for å ete litt. På menyen står det nudelsuppe og polarbrød med nugatti. Fekk ei skikkeleg vind- og regnbyge i 1430-tida. Padla ei god stund i kraftig motvind og regn. No har det letta att, men det var godt å krype inn i Jervenduken.

DSC00029.JPG

Bryt leir

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 11:10 den

Sit og et min tradisjonelle tur frukost: Havregraut. Har fått ei god natts søvn, og er særs fornøgd med det nye teltet. Har bestemt meg for å gå sørover på utsida av Sotra i dag, og satsar på leir på Tekslo i kveld. Det vert nok regn i dag, så pakkar regnkleda lett tilgjengeleg.

DSC00022.JPG

Tur til Øygarden

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 01:50 den

La i veg fredag kveld etter ein lang dag på jobb. Padla i eitt, men det vart for fort mørkt til at eg nådde målet om å kome heilt ut til havet. No ventar eg på at betasuppen skal verte ferdig. I morgon bestemmer eg meg om eg reiser nordover i Øygarden eller sørover langs Sotra.

DSC00011.JPG

DSC00021.JPG
Neste side »