Nixus

Improvise, adapt, overcome

Kjøpt meg nytt telt

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 11:23 den 11. august 2006

Hilleberg JannuLøna har kome på konto, og noko av det har eg brukt på å kjøpe meg eit nytt telt av typen Hilleberg Jannu. Ville ha eit telt som tek liten plass i kajakken, men samstundes toler å vere oppslått på ein holme i havet. Jannu er eit lett telt, som samstundes er særs vindstabilt. Det er stor plass for ein, og bra plass for to. Kuppelkonstruksjonen med korte stangkanalar gjer det lett å setje opp, sjølv i dårleg vêr. Gledar meg til å ta det med på tur!

Bestilte i tillegg ein vanntett kompresjonssekk å pakke det i (og to sekkar til av same type for å ha sovepose og vindsekk i), og ei teltlykt.

Testa årer

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 18:50 den 5. august 2006

Årer og båtSkal ha meg ei ny åre, og var på Aktiv i dag og fekk prøve nokre modellar. Har til no padla med ei Lendal Nordkapp. Det er ei åre med store blad og mykje punch, men kan vere litt tungt å halde oppe frekvensen på langtur og så har den veldig stort vindfang. Så eg var på utkikk etter ei åre med litt mindre blad. Har lenge tenkt på Boreal Design Delphina og var glad for at gutta på Aktiv hadde fått den inn igjen. Tok i tillegg med meg Boreal Design Archipel, som har litt større bladareal, men framleis mindre enn Nordkapp.

Begge to var særs gode årer, men måtte som venta ha ein litt større frekvens enn eg er vand med for å halde tempoet. Det eg var mest spent på var korleis desse årene oppførte seg på hard manøvrering og ulike støttetak. Var overraska over kor liten skilnad det var i høve til Nordkapp. Så dermed vart mitt val ei Delphina i karbon. Den er no bestilt, og eg gledar meg veldig til å få den!

LabradorEg ba om å få låne ein båt å teste årene med, og var så heldig å få låne Boreal Design sin nyaste båt: Labrador. Dette er i bunn og grunn ein litt lengre versjon av Ellesmere som eg har. Labradoren skar gjennom vatnet som ein draum, og oppførte seg ufatteleg bra på kant ved svinging, carving og støttetak/sculling. Litt tyngre å manøvrere enn Ellesmere, men det er jo berre å vente når han er 50cm lengre. Dette vert nok min neste båt. Har lenge vurdert Seaguaney, som er ein diger kajakk, men Labrador er mykje smekrare samstundes som lastevolumet berre er litt mindre.

K800iHadde skikkeleg uflaks i dag medan eg var ute. Hadde pakka mobilen min vanntett, trudde eg. Men medan eg testa korleis årer og båt fungerte på kant, har tydelegvis vatn klart å kome ned i dei vasstette lukene, og sjølvsagt funne vegen inn i mobilen min, som eg kjøpte ny for omlag to månader sidan. Har tørka med hårfønar og prøvd med eit heilt nytt batteri, men telefonen er død. Så no har eg bestilt meg ein Sony Ericsson K800i som var på tilbod.

Treningstur på Byfjorden

Filed under: Kajakk — Michael Storebø klokka 22:00 den 27. juli 2006

Padla frå naustet i Sandviken, over til Florvåg på Askøy, nordover til Straumsnesholmane og tilbake til naustet via Helleneset. Fin tur i nydeleg vér!

Klikk her for å sjå ruta eg padla (krevjar Google Earth).

Sjå sida mi om Google Earth for å få det beste ut av GPS-sporet eg har lasta opp.

« Førre side