Nixus

Improvise, adapt, overcome

Google Earth

Eg har planar om å leggje ut GPS-spor frå padleturane mine her i bloggen min. Her kjem rettleiinga på korleis du kan opne dei og fly gjennom turane mine:

Programmet du må ha for å opne GPS-spora heiter Google Earth.

  1. Last ned og installer
  2. Klikk på lenkja i ei av turskildringane mine, og Google Earth startar og zoomar inn på ruta eg har padla

For å fly gjennom turen min, gjer du fylgjande (klikk på bileta for å sjå tydelegare):

Innhaldet du lastar ned herfrå mi finn du under «Temporary places»

manual1.gif

Merk «Padleruta» for å vise kva du skal spele av

manual2.gif

Klikk på «spel av»-ikonet («Play Tour») for å starte flyturen

manual3.gif

Diverre er det ganske kjedeleg å fly gjennom spora når du nyttar standardinnstillingane i Google Earth. Her kan du sjå korleis du endrar innstillingane (klikk på bileta for å sjå tydelegare):

Vel «Options» frå «Tools» i menyen øvst i vindauget

manual4.gif

Vel fanen som heiter «Control»

manual5.gif

Merk av for «Advanced» og juster innstillingane slik som på biletet

manual6.gif

Andre artiklar