Nixus

Improvise, adapt, overcome

Havpadling

Havpadling byr på noko av det flottaste friluftslivet ein kan oppleve. Dønningar på ope hav, trange og grunne sund ingen andre farkostar kan bevege seg i og lydlaus ferdsel tett på livet i og ved sjøen er noko av det ein havpadlar kan glede seg over.

Havpadling er ein aktivitet med aukande popularitet, men det er heldigvis god plass på sjøen. Sørg berre for å få skikkeleg opplæring før du startar, elles kan det fort gå ille når uhellet er ute. Ein må øve på å takle ei kantring i ulike tilhøve, slik at ein er klar når ein plutseleg ligg opp ned i sjøen.

Sjølv likar eg best å padle blant øyane lengst ut mot havet. Til no har det vorte mest i områda Bømlo/Fitjarøyane, Austevoll, Sotra, Ã?ygarden og Fedje. Her kan ein leike i dønningane, og kome seg innaskjærs for å setje opp leir eller søke ly dersom vêret skulle verte dårleg. Det er ei heilt spesiell kjensle å padle utover mellom øyer og holmar, og så plutseleg kjenne at det er ei heilt anna kraft i vatnet som rører seg under den vesle båten din samstundes som det berre er vatn å sjå heilt ut til horisonten. Då veit du at du er på havet.

Havkajakkar har stor lastekapasitet, gjerne like mykje som to store ryggsekkar i ein kajakk, og ein får med seg mykje mat i tillegg til klede, mat og leirutstyr. Men på lengre turar er det veldig greitt å ha kompakt telt, sovepose og kokeutstyr for å få plass til mest mogeleg mat og vatn.

I tillegg er det er fullt mogeleg å drive jakt og fiske frå ein havkajakk, og på den måten kan ein vere sjølvforsynt på relativt lange turar, og det er gjerne ferskvatn som vert grunnen til at ein må søke inn til sivilisasjonen.

Andre artiklar