Historikk
Dei fyrste kajakkane vart laga av inuittane allereie rundt år 2000 f.Kr. Ein reknar med at dei var ei vidareutvikling av umiaken, som var ein open båt. Både kajakken og umiaken vart laga av eit spantverk av rekved, trekt med selskinn.
Inuittane på Grønland og i arktiske strok av Amerika nytta kajakken som fangstfartøy. Frå båtane sine jakta dei fugl, sel, kvalross, kval og spekkhoggar ved hjelp av kasteharpunar. Harpunane var festa til ei blåse laga av ein selmage ved hjelp av tau laga av tarmar eller sener. Slik klarte dei å få tak i byttet, sjølv om det prøvde å dykke.
Tradisjonelle kajakkar vart laga etter måla til padlaren, og det var berre akkurat plass til å kome seg inn og ut. Å kome seg ut av kajakken etter ei kantring var uaktuelt, så padlarane måtte meistre rulla under absolutt alle tilhøve om dei skulle unngå å drukne.
Meir om inuittane, kajakkane deira og fangstmetodane kan du finne i boka «På ski over Grønland» av Fridtjof Nansen (Kagge forlag), eller på Wikipedia.
