Kajakken
Ordet kajakk kjem frå inuktitut, inuittane sitt språk, og tyder «mannebåt» eller «jegeren sin båt». Kajakken var opprinneleg fangstfartøyet til inuittane, men har i dag vorte eit populært framkomstmiddel for friluftsliv på sjøen.
Ein typisk havkajakk er mellom 5m og 6m lang, og 50cm til 60cm brei. I tillegg finnast det tomannskajakkar som er lengre. På midten er det eit cockpithol som, riktig, fører ned i cockpiten. Holet vert dekka av eit spruttrekk under padling, for ikkje å få vatn inn i båten. Moderne kajakkar har gjerne lasteluker på for- og akterdekk, og lasteromma er atskilt frå cockpiten med vasstette skott.
Skrogforma varierer alt etter kva og kven kajakken er meint til. Ein brei kajakk med flat botn kjennest veldig stabil ut for ein nybyrjar, men vil raskt gå rundt i store bølger, er vanskeleg å halde på rett kurs utan ror og er vanskeleg å rulle opp igjen på rett kjøl. Ein smalare kajakk med v-forma kjøl kjennest meir ustabil ut, men får betre og betre stabilitet når ein lenar han over på kanten, og er i tillegg raskare og lettare å halde på rett kurs.
Ein kajakk med mykje spring er lettare å manøvrere enn ein kajakk der vannlinja går heilt frå baug til akter. Kajakkar med mykje spring har gjerne ein senkekjøl for å gjere det lettare å halde stø kurs.
Min kajakk er ein Boreal Design Ellesmere, som er ein relativt smal båt på 5,2m, med bra spring. I tillegg har han form som ein båt bygd med knekkspant, noko som gjer at det han får ekstra stabilitet når ein kantar han. Ellesmere er ein heilt fantastisk båt på tur og i grov sjø! Eit genialt senkekjølsystem gjer det lett å halde kursen når dét er målet, og båten er veldig grei å manøvrere med senkekjølen oppe. Lasteromma har nok kapasitet til ei langhelg på tur utan etterforsyningar. Men på sikt har eg veldig lyst på ein Boreal Design Labrador, som har mykje den same forma som Ellesmere, men er lengre. Det gjev større lastevolum og ein høgare potensiell maksfart. Labrador kom på marknaden i 2006.
