Tryggleik
Før ein legg ut på tur i havkajakk, er det utruleg viktig å ha trena på rednigsprosedyrar. Det enklaste er kameratredning, der du går ut av kajakken etter kantringa, og får hjelp av ein annan person til å kome deg opp att. Er du åleine, må du lære deg sjølvredningsteknikkar. Det vanlegaste er då å nytte ein åreflottør. I tillegg er eskimorulle ein aktuell teknikk for sjølvredning, men krevjar mykje trening for å meistre. Mange trenar på å rulle i basseng eller på stranda om sommaren, men det er noko heilt anna å rulle i dei tilhøva som faktisk får ein padlar til å gå rundt.
Når ein har hamna i vatnet, er det kulda som er den verste fienden. Nedkjøling i vatn går veldig mykje raskare enn i luft. Difor er det viktig at redningsteknikkane sit så godt at du raskt og sikkert kjem deg ombord igjen, og at du har på klede som held deg varm så lenge du er i vatnet. Om vinteren er tørrdrakt eller semitørrdrakt naudsynt i norske farvatn.
Det er lurt å ha med pumpe og ein svamp for å få vatnet ut av båten etter ei kantring, og fløyte og lykt for å signalisere dersom ein ikkje klarar seg sjølv. For å vere heilt på den sikre sida, er VHF og nødpeilesendar aktuelt utstyr.
