Chito-ryu karate
Karate er ein kampidrett som stammar frå øya Okinawa, som ligg sør for hovudøyene i Japan. I dag er Okinawa under japansk styre, men det har ikkje alltid vore slik.Karate har i moderne tid vorte delt inn i stilartar. Bakgrunnen for dette er at ulike lærarar har hatt ulik oppfatning av kva som er viktig å trene, og kva som er målet med å trene.
Eg trenar stilarten Chito-ryu karate i Universitetets karateklubb, med Rune Ingebrigtsen som hovudinstruktør. Chito-ryu vart grunnlagd av Tsuyoshi Chitose, som kom frå Okinawa til Japan i fyrste halvdel av 1900-talet. Han kom frå ein familie av respekterte karateutøvarar, og hadde trena med nokre av dei beste instruktørane på Okinawa.
Chito-ryu er ein særs teknisk orientert karatestilart. Det er mykje fokus på tekniske detaljar så snart ein har fått på plass grovmotorikken. Dette gjer at ein heile tida vil finne tekniske utfordringar å bryne seg på, uansett kor lenge ein har trena, og at teknikkane kan vere effektive i sjølvforsvar lenge etter at kroppen har byrja å gje etter for alderdomen. I tillegg trenar vi i Chito-ryu kamp med hjelm og vest, slik at sparringa kan gjeras meir realistisk enn ved vanleg semikontakt.
Les meir om Chito-ryu på kampkunstportalen.
