Wushu
Wushu er eit samlenamn på kinesisk kampsport, og er nasjonalidretten i Kina. Ein delar gjerne kinesisk kampsport inn i tradisjonelle og moderne stilartar. Medan dei tradisjonelle wushuskulane har eit heilskapleg konsept der ein lærer grunnteknikkar, mønster og frikamp, er moderne wushu meir spesialisert og konkurransefokusert. Moderne wushuutøvarar spesialiserar seg i enten mønster eller kamp, og trenar mykje meir spesisfikt enn tradisjonelle utøvarar.
Moderne mønster, eller taolu som det heiter på kinesisk, er særs krevande, både teknisk og fysisk. Her er det om å vise fram stilreine, kraftfulle teknikkar utført i spektakulære stillingar. I tillegg fokuserer ein mykje på akrobatikk.
Sanshou vert gjerne kalla kinesisk kickboxing. I tillegg til slag og spark mot overkropp og hovudet, nyttar ein i sanshou spark mot beina og alle typar kast. Dette gjer sanshou til ei særs allsidig og krevande kampform i høve til mykje anna. Utøvarane har på seg boksehanskar, hjelm og vest, noko som gjer sanshou til ein trygg kampidrett.
Les meir om wushu på Kampkunstportalen.
