Meg
Eg som skriv her på nixus.no heiter Michael L. Storebø, og er doktogradsstipendiat ved Lungeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus. Ved sida av jobben, brukar eg mykje tid på idrett, og då spesielt kampsport og havpadling.
Eg held på med eit forskingsprosjekt innan lungemedisin der vi ser på gassoverføringa i lungene i samband med ulike påkjenningar, samt kva som påverker gassoverføringa i lungene over tid. I forskingssamanheng er eg tilknytt institutt for indremedisin ved det medisinske fakultet, men tilsett i Helse Bergen. Rettleiarane mine er professorane Einar Thorsen og Per Bakke.
Eg starta medisinstudiene i 2003, men grunna eitt års forskingspermisjon gjekk eg over til Kull 04A, og fullførte studiene juni 2010.
Eg har alltid drive med idrett. Symjing og friidrett var idrettane mine fram til kampsporten tok meg i tenåra. Har vore allsidig, og drive både med bryteidrett og slag/spark-idrettar.
Eg har vore trenar og leiar i Bergen taiji- og wushuklubb, samt leiar i Kampsportregion vest. Er no medlem i Norges kampsportforbund sin dommarkomite for wushu samt medisinsk komité, landslagstrenar for wushu (kamp) og trenar i Flaktveit IK Kampsport. I tillegg er eg engasjert i BSI Padling som styreleiar.
